Kvamsfjellet Vel, Rondane – Kvamsfjellet Turløypelag og Kvam Seterveg står bak nettsidene

Tur fra Krøkla og tilbake til Bjørgebu

Tur til Krøkla laurdag 17. august  2024.

Avreise frå Rudland Fjellsenter kl. 9.00.

Har du tenkt å vere med , så ikkje vent med å melde deg på. Her gjeld  “Først til mølla”. Bindande påmelding innan fredag 9. august.

Påmelding via VIPPS til nummer 752538 eller innbetaling på kontonummer 2095 32 59 290. HUGS Å MERKE MED “PÅMELD. KRØKLA OG DITT/DINE NAMN”

Pris: Medlemmar av Kvamsfjellet Vel kr. 50,-. Ikkje-medlemmar kr. 150,-.

Dette er ein flott tur på ca. 15 km i småkuppert terreng (totalt 500 høgdemeter). Bussen kjører oss til toppen av Krøkla, høgste punktet mellom Kvam og Vinstra, 1109 moh. Og vi går attende til hytta/Bjørgebu/Rudland Fjellsenter.

Vi legg opp til valfritt tempo og pauser, slik at kvar og ein kan legge opp turen etter sitt behov. Om nokon er usikre på stien er det med fleire kjentfolk slik at alle kan kjenne seg trygge. Hugs godt med mat og drikke. Turen tek  4-5 t + pauser. Enkelte stader er det litt vått i terrenget, så vi anbefaler goretex/fjellsko. Kle deg etter vêret-hugs det er kaldare i høgfjellet.

NB! Busselskapet ønskjer i utgangspunktet ikkje å ha med hundar. Dei som eventuelt må ha med hunden, må sitje fremst i bussen.

Barn under 15 år må vere i følgje med ein vaksen.

Dersom turen blir avlyst, blir innbetalt beløp refundert.

Følg med på FB og/eller Instagram for eventuelle endringar.

      God tur!